Også i år vert det folkedans og folkemusikk på Torgallmenningen med dansarar frå Bergen ungdomslag Ervingen og felespelarar frå Spelemannslaget Fjellbekken.

Fjellbekken vart skipa i 1929 og utøvarar som Alfred Maurstad, Arne Bjørndal, Sigbjørn Bernhoft Osa og Ivar Medaas er nokre av dei landskjende spelemenn som har vore med i laget. Spelemannslaget spelar både til folkedans, gamaldans og ulike samkomer.

BuL Ervingen er eit lag med tradisjonar attende til 1900.  Laget driv aktivitetar for unge og eldre innan folkemusikk, folkedans, kveding, kor, teater og handarbeid.  Dansarane vil visa litt av mangfaldet i den norske folkedansen. Etter Hovedprosesjonen er det som vanleg 17. mai-kafé med tradisjonsmat i Gimle.

Torgallmenningen 17. mai 18.45