I januar 2007 vart Ausekarane med Tor Endresen og Bjørn Jensen samla og gjekk i øvingslokalet der dei «auste på» utan stans i eit halvt år. Der tolka dei Johannes Kleppevik sine songar og fann fram til det musikalske uttrykket som skulle verta Ausekarane sitt fundament.
Sidan den gong har dei laga eit fela liv med turnéar på land og sjø (Showboat) med «Haraball i Naustet», «Spelar for livet», «Farande Fant» m.m. På repertoaret står songar av Ivar Medaas, Salhuskvintetten og Johannes Kleppevik, men dei stiller ogso med ei heil røys med sjølvskrivne låtar,  med emne og inspirasjon henta frå ramsalt vestlandsk kystkultur.  Dette er andre gongen dei held 17. mai-konsert på Torgallmenningen.  Fyrste gong var i jubileumsåret 2014.
Torgallmenningen ca 19.30